25. mars 2016

Amalie Skram ville gjera ein skilnad



Sjølv utan ski på beina, kan påska ha sine høgdepunkt. I går blei Susanne Bier sin fascinerande påskekrim på TV2 avslutta – The Night Manager – men eg har lukkelegvis mange timar igjen av den beint fram fascinerande innspelinga av Amalie Skram sitt verk Hellemyrsfolket på lydbok. 32 timar og 27 minutt til saman i Eilif Armand si innlesing frå 1967. Den første boka i serien; Sjur Gabriel, skreiv eg om på gymnaset, hugsar eg, men har alltid sidan kjent på at Amalie Skram må eg lesa meir om! Derfor syg eg til meg artikkelen om Amalie Skram frå Dag og Tid i dagens Kina-bok. Ho blei fødd i Bergen i 1846 og flytta til København i 1884. Seinare i livet sa ho at ho ville bli sedd på som dansk forfattar. Ho måtte slåst mot fordomane i tida om kvinnelege forfattarar for å få utgjeve den første romanen, men dei kraftige skildringane hennar av menneskeleg liding blei seinare akseptert som sentrale tilskot til det moderne gjennombrotet. 


Hellemyrsfolket blei sett på som hovudverket hennar, men også dei sokalla «ekteskapsromanane» hennar er viktige; Constance Ring, Forrådt, Lucie og Fru Inés. Bøkene gir sympatiske portrett av unge kvinner – og ofte òg av menn – fanga i eit samfunn som byd på ulike vilkår og hemmar menneskeleg utvikling, skriv Janet Garton, som har skrive biografi om Skram.
Amalie Skram var venstreorientert og tok parti for dei utstøytte og dei fattige. Ho meinte at samfunnet diskriminerte kvinnene, noko ho sjølv kjende på. I romanane sette ho søkjeljoset på dobbeltmoralen, og ho hadde ein god penn. Ho hadde opphald på sinnssjukehus i København og frå denne tida stammar romanane Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen. Bøkene laga merksemd kring den uforsvarlege behandlinga av «galne» menneske og av kvinner som nekta å underordna seg.
Amalie Skram kunne vera overstrøymande glad, men hadde òg ein hang til melankoli. Ho fortalde at ho skreiv romanane i tåreflom. Ho slost heile livet for rettferd og skjelte ut venene sine for ikkje å sjå kor mykje liding dei var kringsette av. Ho var også uforsonleg mot dei ho såg på som hyklarar og autoritære maktmenneske. Ho gjekk oftast til åtak på kyrkjas menn.

Kva ville så Amalie Skram med livet, ifølgje Janet Garton?

«Ho ville fyrst og fremst bli verdsett for forfattarskapen sin og ikkje for den blendande venleiken sin. Å skrive var for henne både ei naudsyn og ei liding. Ho ville gjera ein skilnad – og det gjorde ho.»

Så då skal eg denne langfredagen tilbake til Sjur Gabriel og Oline og slekta deira. Det er også historia om eit norsk, fattigsleg 1800-talstilvære. Amalie Skram er blitt omtala som den fremte norske representanten av naturalismen, og ho framhevar i romanane sine den nære samanhengen mellom materielle kår og tanke- og kjenslelivet til menneska. Det er noko djupt menneskeleg i desse romanane, og Eilif Armands tilnærming til strilemålet er verd dei nesten 33 timane åleine.

God påske til alle – med eller utan Amalie Skram!

D65/159


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar