18. mars 2016

Jakta på Gudegneisten



Det er eigentleg det me driv på med alle saman, trur eg: jaktar på Gudegneisten. Denne gneisten som driv deg til å uttrykkja deg sjølve og gjennom det erfara deg sjølve. I 1997 kom den boka til meg som eg aldri sidan har mista synet av; første boka i Himmelske samtaler-serien til Neale Donald Walsch. Den slo meg med ei sånn kraft at livet aldri blei det same. Det står så mykje livsvennlege ting i den boka som eg fekk behov for å notera ned. Det blei side opp og side ned med notat, for kvar setning opnar nye vegar til nye perspektiv. Og det er mellom anna desse notata eg finn i dagens gjennomgang av Kina-bok nummer 64. Det er her tanken om Gudegneisten kjem fram. Eg brukar dette ordet i mitt prosjekt, fordi det peikar mot den kjensla eg er på jakt etter, nemleg entusiasmen. Ordet entusiasme har sin bakgrunn i gresk og betyr «Gud i deg». Det er veldig vakkert. I notata eg har tatt frå Himmelske samtaler står det om lidenskap, som jo eigentleg handlar om det same. Og lidenskap det kan me kjenna i høve til så mange ting, og døm derfor ikkje det du kjenner lidenskap for, les eg i notata. Kva er så lidenskap? Jo det er kjærleiken til å venda «det å vera» til «det å handla». Det er rett og slett drivstoff til skapemaskinen. Den forvandlar førestellingar til erfaring. Lidenskap er elden som driv oss til å uttrykkja kven me verkeleg er. Derfor; fornekt aldri lidenskap, for det er å fornekta kven du er og kven du verkeleg ønskjer å vera. 


Vidare: Sjela lengtar etter å gjera noko med det den er, for at den skal kunna kjenna seg sjølv i si eiga erfaring. Derfor vil den søkja å realisera sin høgaste visjon gjennom handling. Og trongen til dette blir kalla lidenskap. Drep lidenskapen og du dreper Gud. Lidenskap er ei helsing frå Gud!
Eg brenn slik for dette; å sjå liva våre i ein større samanheng. At alle dei tusenvis av migrantar som no er på reise i Europa, har i seg dette same som meg; eit ønskje om å leggja til rette for eit liv der lidenskapen kan få fritt spelerom. Eit håp om at livet skal koma seg på linjene igjen. Ikkje for å sleikja rein krukka med norske velferdspengar, men eit miljø der fred og ikkje krig er kvardagen. Eit miljø og ein kvardag der det er plass til lidenskapen.
For lidenskap er vegen og den er vegen til sjølvrealisering. Det er det me jaktar på – alle saman.

D64/37

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar