11. mars 2016

Ullmann om skuld



Den siste veka blei det annonsert at Linn Ullmann og Geir Gulliksen er dei norske nominerte forfattarane til Nordisk Råds Litteraturpris, ein pris som heng ganske høgt. Gulliksen for romanen «Historie om et ekteskap», som eg har lånt og gler meg til å lesa! På leselista står også «De urolige» av Linn Ullmann, der ho har skrive ei historie om ein kunstnarfamilie og eit rotlaust barn med to verdsberømte foreldre. Faren Ingmar Bergman og mora Liv Ullmann er ikkje direkte nemnt med namn i romanen, men det er nok den erfaringa frå samlivet med dei to Linn Ullmann har tatt med seg i romanen.


Når Linn Ullmann snakkar om skuld, så er det ikkje med bakgrunn i den siste romanen, men fordi ho blei hanka inn i ein serie som Dag og Tid hadde for nokre år sidan der dei stilte dei store spørsmåla; om sorg, skam, soning, synd og skuld. Det er jo snart påske også, så la oss lytta til kva Linn Ullmann seier om skuld.

Skuld kjem når me gjer noko gale. Skuld er å ta ansvaret sitt på alvor, er Linns utgangspunkt. Skuld er ein moralsk vegvisar, seier ho. Men me må ikkje blanda skuld og dårleg samvit, for det siste er berre ei kjensle, meiner ho. «Å fokusere på dårleg samvit kan føre til at vi ikkje tek på oss ansvar, fordi vi kjenner etter for mykje.» Ho ber oss gjerne sjå til barna, dei er veldig opptekne av kven si skuld det er, og har ei meir knallhard forståing av rettferd enn me vaksne, seier Linn Ullmann. 

Ho er skeptisk til eit terapifiksert samfunn der me høyrer at dersom me fjernar skuld, så får me det betre. Skuld treng ikkje å vera destruktivt, og alt treng ikkje å vera psykiatri, seier Ullmann, og kjem med følgjande døme: «Ta mellommenneskelege relasjona: I staden for å seie «Eg krenkte deg, eg øydela noko i deg. Det tek eg ansvar for», seier vi «Du må skjøne meg, eg var ein annan då eg gjorde det, eg visste ikkje kva eg gjorde. Eg var sint og var eigentleg lei meg». Vi skaper oss nye identitetar. Det relativiserer moralen.»

Ullmann trur at det at skulda vert erkjend og ansvaret vert plassert, er forløysande. Når intervjuaren Eskil Skjeldal nemner at skuld òg er eit religiøst omgrep, og at me har skuld overfor ein Gud, og om ho kjenner seg att i dette, er ho kontant: «Nei, der går grensa. Eg aksepterer ikkje at vi er fødde med skuld. Det er handlingane våre som skaper skuld.»


Sjølv har ho skrive romanar som handlar om skuld, makt, ansvar, forsoning og tilgjeving. Dette er viktig for henne og ho fortel at coaching-samfunnet gjer henne deprimert. Som forfattar freistar ho å grave under det me tek for gjeve, til dømes at skuld må fjernast. Ho kjem inn på Anders Behring Breivik og fortel at skuld er ei komplisert forteljing. «Eg freistar å syne fleire forklaringar, og at det ikkje alltid er ei klausal årsakssamanheng. Eg trur at det er uendelege variasjonar av hendingar og handlingar som verkar inn: Frå det psykiatriske til det guddomlege, frå det trivielle til det burleske og gruelege. Difor er skuld vanskeleg, for vi kan ikkje alltid seie at «der er årsaka», eller «du er årsaka». 

Samtidig erkjenner ho at skuld òg kan vera svært enkelt. «Eg trur difor at Noreg hadde kollapsa om Breivik hadde vorte dømd utilrekneleg. Den openberre skulda ville ha fordufta.»

Linn Ullmann er ein forfattar verd å lesa; om du ennå ikkje har starta på hennar forfattarskap, så har du noko å gleda deg til.

D63/4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar