4. mars 2016

Lausdriftsfjøset



Det var eit år eg blei spurt av Sølvberget bibliotek og kulturhus om å utarbeida ein forprosjektrapport til ei utstilling som fekk namnet «Kalvedans». Dette skulle vera ei utstilling med kunst, kulturhistorie, samfunnsengasjement og framtidsspørsmål, presentert i ei opplevingsutstilling om kyr. På same tid skulle «Kalvedans» vera eit kunstprosjekt som stiller etiske og filosofiske spørsmål. Det var Henrikke Garpestad Borch som hadde ideen. Av fleire grunnar blei utstillinga aldri noko av, men den kom til meg igjen i dag, fordi eg som del av arbeidet med å finna stoff til rapporten kom borti notata frå ei doktorgradsavhandlinga av Lars Christian Risan som fekk namnet «Hva er ei ku?», med undertittel «Norsk Rødt Fe som teknovitenskap og naturkultur». 


Norsk Rødt Fe er namnet på den norske kombinasjonskua – avla for å produsera både mjølk og kjøt – og ei verkeleg suksesshistorie som innfridde arbeidarpartistatens distriktspolitiske og strukturnasjonalistiske forventningar, les me i introduksjonen i Risan si avhandling. Eitt av føremåla med avhandlinga hans var å undersøkja Norsk Rødt Fe som ei urein blanding av teknologi, vitskap, kultur og natur. Som ein del av prosjektet reiste Risan til Jæren for å sjå korleis kyrne hadde det i dei nye lausdriftsfjøsa.

I den nye dyrevernmeldinga som kom i 2002, heitte det at alle nye fjøs skal vera lausdriftsfjøs. Risan skriv om korleis jærbøndene måtte bli kjent med kyrne på ein heilt annan måte i lausdriftsfjøs. Dei byrja å skilja dyra frå kvarandre på korleis dei oppførte seg i staden for kor dei var plasserte. Personlegdom oppsto som eit fenomen. Lausdriftsfjøset gav dyra eit rom der dei kunna oppføra seg på ein heilt annan måte enn det dei kunne før. Det sosiale livet i fjøset utvikla seg også etter at dei fekk lausdriftsfjøs. Dyra etablerte rangordningar mellom seg, nokon dyr blir gode, andre mobbeofre. Dyra blei rolegare då dei blei flytta inn i lausdriftsfjøs, og dei blei meir fortrulege, ifølgje bøndene. Då dei stod bundne i båsfjøset, kunne dei ikkje flytta seg når noko verka truande. I lausdriftsfjøset kan dei berre gå unna, og det gjer dei trygge, meir sjølvsikre. For Risan var det eit mål i gå i møte det han kallar «den urbane dyrevernretorikken», som hevdar at teknologi «framandgjer» dyr og dyrehald. Med avhandlinga si meinte han å ha motprova denne retorikken. Som han skriv:

«Fjøsteknologien er med å kontrollere dyrene, men den «objektiviserer» dem ikke. Snarere motsatt: den subjektiviserer den. Den er (i forhold til gammeldagse båsfjøs) et framskritt for dyreverket, for den gir dyrene litt av deres subjektivitet og handlekraft tilbake. Samtidig bruker denne teknologien dyrenes subjektive, aktive medvirkning til (potensielt) å øke produksjonen.»



D62/80-84


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar