19. august 2016

Den menneskelege tidsalderen


I dag har eg stoppa opp ved ordet antropocen. «Antropo» tyder menneske og «cen» ny, men cen blir også nytta som suffiks for epokar i geologisk tid. Me skal altså ta ein tur innom geologien i dag. Det er rundt 15 år sidan at kjemikaren Paul Crutzen føreslo at menneskeheita hadde behov for sin eigen tidsepoke. Og bakgrunnen er denne, fortel forskaren Henrik H. Svensen i spalta Forskningsfronten i Morgenbladet: Me er blitt så dominerande, anten det gjeld utslepp av drivhusgassar, utrydding av dyreartar eller endringar av jordoverflata, at spora etter oss vil bli lagra i det geologiske arkivet, i skifer og isbrear, for aldri å forsvinna.

For at antropocen skal vera ei nyttig nemning på ein geologisk og historisk epoke, så må starten definerast, forklarar Svensen, og det er her ei gruppe på 26 personar, av dei Crutzen, føreslo at Trinity skulle markera starten. 

 
Og kva er Trinity? Jo, det var kodenamnet på den første atombomba som blei detonert 16. juli 1945 i Alamogordo i New Mexico, USA. I åra fram til 1963, då det kom ein prøvestansavtale, blei meir enn 500 atombomber sprengt i atmosfæren, og avfall frå desse har sett sine spor både i geologi og organismar.

Det er ei eiga arbeidsgruppe, The Anthropocene Working Group, som blir leia av Jan Zalasiewicz, som har det formelle ansvaret for å vurdera omgrepet. Det er ikkje alle i denne gruppa som synest Trinity bør vera starten på antropocen; dei meiner det er for seint. For kva med overgangen til jordbrukssamfunnet for 8000 år sidan, og den industrielle revolusjon rundt år 1800? Problemet med desse, seier Svensen, er at dette var fenomen som vaks fram gradvis – og til ulik tid på dei ulike kontinenta. Andre fagartiklar støttar no også 1945 som starten for den menneskelege tidsalderen. Konklusjonen er at befolkningseksplosjonen og den auka levestandarden i etterkrigstida har hatt enorme konsekvensar for systema på jorda.  Og slik kjem vitskapen eit lite steg nærare ein formell aksept av antrocopen-omgrepet.

D86/19



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar