12. august 2016

Det som fungerer



Verda er motsetnadsfylt, mildt sagt. Elleville jubelscenar frå sommar-OL i Rio etter kvart som utøvarar kronar draumar med medaljar av edel valør. Det er rørande å sjå kjenslene som utfaldar seg. Og så: Dei daglege dryppa frå valkampen i USA der Daniel Trump sine utspel berre gjer meg vondt i magen. Det krøllar seg, bokstavleg tala. Eg har enno ikkje høyrt han uttala noko som møter meg med positiv gjenklang. Retorikken hans fungerer rett og slett ikkje på meg. Og det var nettopp det den amerikanske psykologen og filosofen William James, som levde mellom 1842 og 1910, var opptatt av: kva som fungerer som sant.
            Det er Erik Bjerck Hagen, professor i ålmenn litteraturvitskap som presenterer James i Dag og Tid-spalta Kva ville han med livet. James grunnla psykologien som fag i USA, og han utvikla pragmatismen til å verta det originale amerikanske bidraget til filosofihistoria. Han hadde ei sterk tru på at vitskap og filosofi kunne gjera verda til ein endå betre stad å leva. Som Hagen skriv om James og samtida: «Dei skiftande omgrepa og sanningane i filosofi og teori vert frigjerande dersom vi der dei som verkty med praktiske konsekvensar og ikkje som utsegner som skal korrespondera med alt etablerte røyndomar.»


William James, som var bror til forfattaren Henry James, hadde sterk innverknad på den modernistiske litteraturen gjennom analysar av «medvitsstraumen» og «sjølvmedvitet». I Noreg kom det religionspsykologiske verket Religiøs røynsle i sine ymse former i 1920. Fleire blei provoserte av den pragmatiske teorien om sanning, som seier at sanningar berre er sanne så lenge vi ser at dei fungerer som sanne. For mange blei dette for relativistisk og ustabilt.
Fascinerande synest eg tankane hans om Gud er, slik Hagen formidlar dei. James tenkjer seg at Gud er ei omstridd kraft som strevar med å realisera sin versjon av pluriverset (som James kalla det alltid vertande ikkje-samanhengande universet). Gjennom gode handlingar kan menneska medverka til at dette lukkast. Gud er meir inspirerande og interessant dersom han ikkje er allmektig – når han er ei handlande kraft, ikkje ei kvilande makt, meinte James. Når det gjeld litteraturanalyse må denne byrja med å sjå kva som fungerer og ikkje fungerer i ei leseerfaring, ikkje med metodar, teoriar, prinsipp, lovmessige trekk, meinte den amerikanske filosofen.

Vil du lesa meir av verka hans, så blir The Principles of Psychology frå 1890 rekna som eit hovudverk. Viktig er også Pragmatism frå 1907.

Gode handlingar fungerer altså. Treng du meir enn olympiske leikar i Rio til å få kontakt med den kjenslemessige åra, så kan du også kosa deg med filmen Pride i helga. Det er fare for at du får tru på mennesket igjen etter den filmen. 



D85/53/119



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar