9. desember 2016

Det største i 2016



Gløym (for ei stakkars stund) Trump, eller Brexit. Eller at David Bowie døydde. Når 2016 skal oppsummerast er det ein artikkel publisert av over 1000 forskarar i det vitskaplege tidsskriftet Physical Review Letter som vil ha konsekvensar og betydning meir vidtrekkande for det menneskelege livet enn slike episodiske politiske stunt. I februar i år blei det nemleg publisert at forskarar ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og Laser Interferometer Gravitational Wave Observatory (Ligo) hadde gjort direkte målingar av gravitasjonsbølgjer. Det skjedde 100 år etter at Albert Einstein presenterte eksistensen av gravitasjonsbølgjer. For eit jubileum, og for ei oppdaging. Den er alt kåra til den største oppdaginga dette århundret. No har me jo litt igjen av dette århundret, så me får venta å sjå om det er blitt danka ut av andre store oppdagingar når me går inn i nyttårsafta 2099.


            Utgangspunktet for målinga av gravitasjonsbølgjene er fantastisk nok til å slå ein ut: bølgjene stammar frå ein kollisjon mellom to svarte hol som fann stad for 1,3 milliardar år sidan! Oppdaginga av bølgjene er ein verdssensasjon som vil bety ein heilt ny æra i observasjonsbasert astronomi, kan me lesa i nyheitssaka til Klassekampen. 

            Det som er verkeleg banebrytande med oppdaginga, er at det opnar for å observera universet på ein annan måte. Så langt har me måtte nøya oss med kosmiske mikrobølgjestrålingar som blei danna 300.000 år etter big bang. Gravitasjonsbølgjer lar seg ikkje stoppa av noko, og derfor opnar det for at me no kan sjå heilt tilbake til starten, forklarar Jan Myrheim, professor i teoretisk fysikk ved NTNU. 

            På Universitetet i Stavanger sat ein gjeng fysikarar og forskarar og følgde overføringa då dei sensasjonelle resultata blei presenterte. Angelo Ricciardone var ein av desse. Livet skulle det slik at eg den same våren blei ringt opp av det same UiS for å høyra om eg ville skriva fleire saker om dette miljøet. Slik fekk eg ein inngang til fleire delar av den fantastiske innsatsen som blir gjort for å skaffa oss kunnskap om mysteria rundt oss. Eg trur det var i møtet med desse det verkeleg gjekk opp for meg at det var ein arena her som tiltalte meg veldig. For her var ikkje svara det viktigaste, men spørsmåla. Dei sit som små barn oppe på UiS og undrar og undrar seg! For nokon av dei er det snakk om å halda fram jakta på gravitasjonsbølgjene, no ute i verdsrommet! 

Les gjerne artikkelen eg skreiv: Deltar i jakten på gravitasjonsbølgene

 
            Me er inne i Nobel-veka. Då resultata frå LIGO kom i februar i år, var det lite odds på at denne gjengen kom til å få Nobelprisen i fysikk. Det var nok litt raskt for nobelsystemet. Men Kavliprisen i astrofysikk for 2016 fekk dei, delt ut i Oslo. 

         

           
D102/95+137



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar