2. desember 2016

Ta saka i eigne hender



            Mitt kjære, gamle NRK har klart å senda ut nokre tv-seriar dei siste åra, som har treft ei åre i det norske folket. Skam er ein slik, Unge lovende ein annan. Eg har til gode å sjå den første utanom små innsmett, men første sesong av Unge lovende fekk eg med meg. Det er noko med korleis den serien blei skapt, som gir inspirasjon. For etter at Alexandra Gjerpen endeleg fekk skodespelarutdanninga si i USA, sto arbeidstilboda likevel ikkje i kø, ei erfaring ho gjorde seg saman med Siri Seljeseth. Det dreidde seg mellom anna om at dei opplevde eit tomrom i tv-satsinga i Noreg med tanke på kvinnelege hovudroller. Det var då dei berre gjorde det; laga den sjølv! Med Seljestad som manusforfattar og skodespelar, og Gjerpen som skodespelar. 


            Eg klypte ut eit intervju med Alexandra Gjerpen der ho var invitert for å snakka til og med elevar ved Vågen vidaregåande skular i heimkommunen Sandnes. Ein trur på henne når bodskapen hennar til elevane er å aldri gje opp draumen. Sjølv gjekk ho på dramalinja ved Lundehaugen, forløparen til Vågen, og hadde altså denne draumen om å bli skodespelar. Men så måtte ho bita i seg fire avslag frå teaterhøgskulen her heime. Men ho grav aldri opp, for det var denne drivkrafta av å stå på scenen som trakk henne vidare, nemleg gleda og kjensla av mestring. 

            Som ho seier til elevane:

«Du må gå for det som får deg til å hoppe ut av sengen om morgenen. Hvis du våkner, og det første du gjør er å hoppe ut av sengen mens du tenker på å dekorere blomster, da er det blomsterdekoratør du må gå for i livet. Du må gå etter det om gir deg den gleden.»

            Etter fire avslag i Noreg, reiste ho til New York og fekk skodespelarutdanninga si der. Ho reflekterer over om me nordmenn eigentleg bur i eit lite eventyrland. Det at me har eit sikringsnett som er veldig bra, gjer at ein kanskje ikkje satsar alt på det ein eigentleg vil. Ut frå det vel ein kanskje eit trygt alternativ, fordi sikringsnettet alltid vil fanga deg opp om du mislukkast, seier ho.

«Det er først når man forlater sin egen komfortsone i Norge at den virkelige verden kan oppleves. Du finner raskt ut at det er flere måter å leve livet ditt på enn det du kan få inntrykk av dersom du blir værende i Norge.»


            Unge lovende fekk ei fantastisk mottaking, og innspelinga av sesong to starta i vår. Premieren er rett rundt hjørnet. Det er berre å gleda seg, og medan ein ventar kan ein ta morgonsjekken; kva er det første du tenkjer at du har lyst å gjera om morgonen?
           
D101/27



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar