6. januar 2017

Nobel-falkeblikket



Godt nytt år! Håpar det nye året er godt for deg. 

For to år sidan, som del av å bli femti, starta eg eit leseprosjekt. Eg starta det året eg blei fødd, 1965, og tok for meg nobelprisvinnarar i litteratur fram til 1999.. Det var ei fantastisk reise, og det interessante med slike prosjekt, er at noko stoff i avisene trer fram på ein særleg måte, ein får rett og slett eit falkeblikk for stoff om nobelprisen i litteratur! Eg fann ut at eg måtte la ei eiga kinabok famna dette stoffet, og i dag er det altså denne boka eg har kome fram til. Eg skal servera deg litt notis-stoff frå nobelprisvinnarar i litteratur. 

Morgenbladet innrømmer det gjerne; dei går Se og Hør i næringa når dei fortel at vinnaren frå 2010, Mario Vargas Llosa, har gått frå kona si gjennom femti år (ja, det er rett – dei gifta seg det året eg kom til verda), for å prøva ei anna lukke med mammaen til Enrique Iglesias; Isabel Preysler. Det blir sikkert fint.
Den svenske kritikaren Lennart Bromander fekk reaksjonar då han stilte spørsmålet om korleis me skal handtera ein rasist som Selma Lagerlöf (vinnar 1909). Det er ei novelle som mellom anna handlar om ein tatergut som er utgangspunktet for teksten og Bromander meiner at rasismen er ideologisk medviten. Det var å gå over grensa, meinte Lagerlöf-eksperten Lisbeth Stenberg. Forfattarskapen til Lagerlöf prisar både toleranse og menneskeleg likeverd. 



Doris Lessing (vinnar 2007) sympatiserte med kommunismen, resultat: ho blei overvaka av den britiske etterretningstenesta M15 i meir enn tjue år, frå 1943 til 1964, mellom anna då ho budde i den britiske kolonien Rhodesia.
Pablo Neruda (vinnar 1971) frå Chile skal ha døydd av kreft kort tid etter militærkuppet i 1973 der den sosialistiske presidenten Salvador Allende blei styrta. Det chilenske innanriksdepartementet erkjenner no at Neruda kan ha blitt drepen i kuppet. 

 
Viss du akkurat no sit på ein traktorfabrikk og set om bruksrettleiingar, så vit at dette også kan føra fram til nobelpris i litteratur! I alle fall viss du hadde nekta å samarbeida med etterretningstenesta i Romania, og heller starta å skriva regimekritisk litteratur, slik Herta Müller (vinnar 2009) gjorde!


Ja, så var det slik at mange popheltar gjekk ut av tida i 2016, men det gjorde også ein veldig populær nobelprisvinnar, nemleg Dario Fo (vinnar 1997). Han var frå Italia og var dramatikar og skodespelar. Han blir rekna som ein av dei største dramatikarane i verda. Han rakk ei storstilt feiring av nittiårsdagen sin i mars, og av alle ting blei dødsfallet hans brukt til ei journalistisk vinkling i NRK si oppsummering av sportsåret 2016.
Det året, 2016, hadde alt!

D106/4, 5, 9, 11, 51


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar