13. januar 2017

Livskontrastar



Livskontrastar slår meg som eit tema for dagens bloggpost. Bileta av massemordaren Anders Behring Breivik slår mot oss igjen, i samband med ankesaka i Skien fengsel. Det offentlege blikket gir han næring, men eg trur ikkje dette er næring som gir han liv. Han har deaktivert tarmtottane som skulle vera i stand til å suga til seg næring frå positiv gjenklang med andre menneske. Han vil ikkje ha kontakt med folk viss utgangspunktet for desse samtalane er at han er psykisk sjuk. Han vil gjerne ha kontakt med faren, men berre om han gir seg over til nasjonalsosialismen. Når du ikkje klarar dette kunststykket med å ha verdig horisontal kontakt med andre menneske, er det berre den vertikale pidestallen igjen. Han tok livet av 77 menneske, og han meiner det var naudsynt. Det har kome mange bøker om Breivik, men eg står fast ved at den boka som alle bør ha i heimen, er Åsne Seierstad si bok En av oss. Boka er på veg ut i verda, og får masse ros. Tonegjevande tyske medium skriv til dømes:
            «Kanskje en av de viktigste bøkene i vår tid.»
            «Sannsynligvis har ingen forfatter siden Truman Capote kommet en morder såpass nær som Seierstad.»
            «… et praktfullt eksempel på den litterære reportasjens kraft.»
            «Seierstad forteller saklig, rolig, men aldri kjølig.»
            «En av oss er et mesterverk av en litterær reportasje». 


Så er det berre éi veke til Donald Trump skal innta den viktigaste jobben i verda. Med eit oppblåst sjølvbilete som ein må til herskarar i statar som ligg langt borte frå det norske sosialdemokratiet for å finna make til, skal han styra verdas framleis viktigaste land. Han brukar same taktikk som Breivik, han vil berre ha med på laget dei som trur på hans prosjekt. Seier du han i mot, er du persona non grata, helst følgt av dei mest infantile tilbakemeldingane på twitter. Nett denne temperamentsfulle retorikken er det kjennarar fryktar mest med Trump. 
 
Det ligg ikkje i politikarar (viss me kan bruka eit slikt ord om Trump) å fortelja om det vesle dei fekk til, men dei fleste av oss er jo der. Oppegåande folk tar jo innover seg at det er avgrensa kva fotavtrykk ein set på verda. Men at dei små fotavtrykka er heilt avgjerande for at dette fantastiske livet går saman for dei fleste av oss. 

Derfor, som ein livskontrast til Breivik og Trump, diktet Det vesle eg fekk til, av Alf Strand:


Eg vann ikkje meir,
eg kom ikkje lenger
det viser ikkje mykje
att etter meg
men eg har gjort mitt
kanskje eg skal vera nøgd
det hadde gjerne
sett annleis ut
om det vesle
eg har fått til
hadde vore ugjort






D107/17, 37


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar