31. mars 2017

Posttraumatisk vekst



Eg lærte eit nytt omgrep i går; posttraumatisk vekst. Det gir meining, så mykje meining at det no er skrive ei bok om det, og det var lanseringa av den eg dumpa oppi i går. Eller; som eg alltid gjer når ein hovudstadstur står for døra: eg pløyer programmet til utvalte kulturaktørar, og Litteraturhuset er ein av desse. Der sto det altså svart på kvitt at det skulle vera lansering av boka Å endres gjennom smerte – historier om posttraumatisk vekst. Arrangør var Landsforeningen uventet barnedød (LUB), og det er her linken min ligg i høve til dette bloggprosjektet, men i dag ventar eg med detaljane for denne koplinga heilt til slutt, og så skal eg i staden fortelja deg litt frå den boklanseringa i går, som varte i to samfulle timar, og som gav meg mykje eg kunne ta med meg vidare i marskvelden. 

            Det er ei intervjubok, får me vita. To av redaktørane, Kristiane M. Hansson og Trine Giving Kalstad har sitt daglege verke i LUB, medan Kjersti Wold er hyra inn som forfattaren i dette. Kristiane fortel i sine opningsord at boka er eit møte med sju menneske som fortel om den veksten og modninga som har skjedd etter hendingar dei har vore utsette for. Hendingane kan både handla om tap av helse, eller tap av kjære personar. Dei krevjande prosessane som skjer i den reorienteringa personane går gjennom etter hendingane, er det boka handlar om. 

            Endring er den raude tråden i boka. «Eg har endra meg, blitt ein annan», er ofte omkvedet etter erfaringar om kva som skjer når ein har opplevd store tap. Men, poengterer Hansson, dette med at ein har endra seg, erstattar ikkje det vonde, og det er viktig å få fram. 

            Ho syner oss eit lysark og forklarar oss at posttraumatisk vekst har mange uttrykk, og omfattar mellom anna dette; nye mestringsstrategiar, eksistensielle spørsmål, nærare relasjonar, større forståing for andre menneske, personleg styrke, dei nære tinga blir viktigare, nye vegval, nye verdiar, kjem tettare på livet, blir betre kjend med og trygg på seg sjølv,, andre prioriteringar og nytt engasjement.
            Samstundes er posttraumatisk vekst (PTV) eit samansett omgrep. For det kan vera komplekst og paradoksalt, og kanskje også provoserande, for det er nemleg ikkje alle som opplever å veksa på ei krise. Men utgangspunktet er altså at det skal vera rom for også å kunna snakka om dei «positive» konsekvensane av vonde livshendingar. 

            Eit lite mellomspel, for opp på scena kjem Hans Christian Lillehagen, som er generalsekretær i ExtraStiftelsen. Det er nemleg slik at det er ein liten prosentdel av overskotet til Norsk Tipping (som vel dei fleste av oss er med og støttar innimellom), som går til ExtraStiftelsen, og som går vidare til ein haug med prosjekt som får støtte over heile landet. Gode idear som byggjer kunnskap er mantraet, forstår me, og nettopp LUB har sendt mange gode søknadar oppigjennom åra. Boka Å endres gjennom smerte er ei bok som byggjer kunnskap, seier Lillehagen. 

            Kjersti Wold, forfattaren som er éin av tre redaktørar av boka, snakkar om litterære medisinskap når ho inviterer oss inn til refleksjon om kva vekst er. Ho meiner at vekst handlar om å bli betre til noko, eller bli meir sanne. Alle kriser gjer at ein kjenner seg uttrygg, samstundes som det handlar om å gå til den staden det gjer vondt. Ho presenterte diktet Ett er nødvendig av Hans Børli for oss. Der skriv han om å gå inn i mørkret og pussa sotet frå lampa. For viss du ikkje pussar bort sotet, så blir det mindre og mindre ljos, og slik kan det skje at sorga maskerer seg. (Kjersti Wold er også dagleg leiar i Noesis – senter for kreativitet og kommunikasjon, besøk dei gjerne på noesis.no.)

            Gertrud Sofie Hofstad og Johan Siqveland er dei to fagpersonane i prosjektet. Gertrud var der på opninga, ho er psykolog og forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ho inviterte oss inn i den japanske kunsten kintsugi for å finna parallellar i andre kulturar til historia om at dramatiske hendingar kan påverka personar positivt. Kunstforma kintsugi går ut på å reparera keramikk med ein spesiell type emalje tilsett støv av gull eller sølv. Tanken er at nettopp desse reparasjonane utgjer ein viktig del av historia til gjenstanden, og ikkje er noko ein skal sløra til. Det var eit vakkert eksempel. Bær dine sår med ynde!  (Les meir om kintsugi på wikipedia.)

            Posttraumatisk vekst (PTV) har ein snakka om i rundt 20 år, fortel Hofstad og det var psykologane Richard Tedeschi og Lawrence Calhoun som lanserte omgrepet, etter at dei i sitt arbeid med sorgterapi skreiv om positive endringar hjå personane dei møtte. Men PTV er altså noko som har lange røter, men ei kort historie. Hofstad trekk trådar tilbake til oldtida, og etter krigen har bøkene til Viktor Frankl vore sentrale; han snakkar om vilje til meining og kor viktig dette var for dei som blei internerte i konsentrasjonsleirar under krigen. No skjer det masse forsking på posttraumatisk vekst, får me vita.
Veksten og modninga mange erfarer etter PTV kan samanfattast i tre område; synet på seg sjølv, relasjonar og synet på livet. For mange er det eit komplekst omgrep. Mange kan få skuldkjensle når dei faktisk opplever noko positivt koma ut av det som er negativt.

Så var det pause med kanelbollar og kaffi, før Trine G. Kalstad inviterte to av dei sju personane som har bidrege med historiene sine til boka opp på scenen. Livets nye målestokk – om krafta i smertefulle erfaringar, kalla Kalstad denne delen av programmet, og losa oss godt gjennom samtalen med Unn Fossdal og Jon Schultz. Fossdal og mannen mista sonen Anders i krybbedød for snart 50 år sidan, medan Schultz og familien opplevde at sonen Olaf tok livet av seg i 2011, 19 år gamal. 

Historiene deira gir oss ein peikepinn på at det kostar å finna fotfestet igjen, etter slike altomfattande hendingar som ramma dei. Det er mellom anna tid til å ta livet av mange klisjear, slik eg forstår dei. Sjølv om den mest tydelege av munnhella, at livet går vidare, faktisk møter dei med det eg oppfattar som ei naturstridig naturlov. Men kva med rådet om å ta ein dag om gongen? Det er alt for ambisiøst, fortel Fossdal og Schulz. Fordi smerta set seg så intenst i kroppen, så handlar det i starten meir om å koma seg gjennom minutt for minutt; ha ork til å setja den eine foten framom den andre. Men så, etter kvart, blei det viktig å ha noko å sjå fram til, noko å gleda seg til, noko med meining i. 

Det er snart 50 år sidan Unn Fossdal og mannen mista barnet sitt i  krybbedød. Det var ei heilt anna tid med ein streng kodeks for å visa sorg. Både Fossdal og Schultz vil ta livet av ideen om SORGÅRET! At ein må koma seg gjennom dei ulike sesongane, og etter det så er ein liksom ferdig. Det er løgn! meiner dei. Dessutan må ein leggje bort spørsmålet om rettferd, meiner dei to. Livet er brutalt, og det er ikkje rettferdig. Og dei slit med skuldkjensler, sjølv om alle rundt fortel at det treng ein ikkje ha. Men det har ein altså; skuldkjensle. For at viss  ikkje eg hadde lagt barnet på magen, så hadde det ikkje dødd. Eller: viss me var heime og ikkje på ferie i Afrika, så ville ikkje 19-åringen tatt livet av seg. 

Oppi alt handlar det om å finna ei historie som du har tru på.
Og: Livet blir veldig nake etterpå. Det er veldig mykje som ikkje betyr noko lenger. Det blir veldig opptatt av korleis dei brukar tida si. Mottoet til folk i salen:
Bruk tida!!!

Marthe Haaland Wang gjorde mellom anna det med uendeleg vakker song. 

Til slutt var tida inne for at generalsekretæren i LUB, Trond Mathiesen, kunne dela ut blomar og bøker til dei sju bidragsytarane, som altså alle reflekterer over tap, om det gjeld nære personar eller tap av helse. Eg tar med lista på dei sju her: Marthe Reienes. Jon Schultz, Anne Grethe Solberg, Hege Sundquist, Ingvard Wilhelmsen, Linn Stokke og Unn Fossdal. 

Kva er så min link til dette, og til arkivet mitt?
Jo, på 1990-talet ein gong sat eg i styret i Sør-Rogaland Korforbund saman med Thorbjørn Kjærstad. Me laga informasjonsblad saman om korsongen, og gjorde det på pc-en hans heime på Bryne. Der blei eg kjend med han og kona Julia. Rundt år 2000 kom han med eit spørsmål; då var han blitt leiar av landsstyret til Landsforeningen til støtte ved krybbedød. Dei hadde i ein overgangsfase behov for nokon som kunne redigera medlemsbladet Oss foreldre imellom. Og slik blei det, i boka mi for denne veka er den høgtidelege kontrakten med underskrifter lima inn. 


Slik kom eg i kontakt med denne flotte gjengen i det som no heiter LUB, og no var det altså snart 15 år sidan eg hadde sett dei; Trond, Trine og Unni. Framleis travle, framleis aktive, og framleis ivrige på å få ut ny kunnskap! Denne bloggposten skriv eg til ære for dei og det arbeidet dei gjer, og kjøp gjerne boka. Du får den i abstrakt forlag, eller i bokhandlarar landet rundt.
        
Kriser kan me alle oppleva. Den gode nyheita er altså at det kan – eg presiserer kan – koma noko godt ut av det.

D118/5


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar