10. mars 2017

Gunnar Berges gode råd



Honorarkrav og lønsslippar er vanlegvis anonyme greier. Eg avvikla den eine Formiddagslokalen etter den andre i NRK Rogaland på 1990-talet, men berre glimtvis klarar minnet mitt å fanga opp kva sakene dreidde seg om. Men så føreslo eg å laga ein del seriar som blei sendt i Ettermiddagslokalen, og i desse honorarkrava trer det fram namn, og minneverdige augneblinkar. «Eg vil ikkje sakna arbeidet, men folka eg arbeidde med», seier ofte folk når dei skiftar jobb. Og dette er det eg saknar aller mest med NRK-jobben; alle folka eg fekk møta. Det er i desse analoge møta magiske ting skjer, og mange møte levde i meg lenge. Og kanskje det viktigaste av alt; nokon formidla vidare gode råd som eg tok med meg vidare i livet.

Eg fekk ideen til serien «bli ved din lest». Tanken var å bli med stort sett kjende rogalandsnamn til dei tidlegare arbeidsplassane deira. Slik var eg mellom anna med Svein Fjellheim, AP-politikaren frå Stavanger som også sat ein periode i gjengen rundt Jens Stoltenberg då han var statsminister. Fjellheim hadde ei fortid som pølsemakar! Kari Thu, den første kvinnelege ordføraren i Stavanger, Høgre-dame, tok eg med tilbake til Hundvåg skule der ho var lærar i si tid. Og så fekk eg innpass hjå Gunnar Berge, og tok han med tilbake til Rosenberg verft, der han starta arbeidslivet sitt, før fagforeiningsarbeid fekk han inn i bystyret i Stavanger, og derfrå vidare til rikspolitikken. I går kom jo nyheita om at dei smilar breitt på Rosenberg igjen, etter nokre tunge år.

Rådet Gunnar Berge gav meg og lyttarane i dette intervjuet har vore ei fin rettesnor, og det kjem ofte til meg i desse dagar der det er masse fokus på den skeive fordelinga av kapitalen i verda. Det er jo ikkje til å begripa at dei 7-8 rikaste i verda eig like mykje som 2 milliardar (eller kva det no var) av dei med minst å rutta med. 1 milliard kroner er jo berre småtteri for desse folka, men la oss ta tak i denne summen. Ein sum som også er knytt opp til nyheitene den siste veka, for dette er jo summen den norske regjeringa vil leggja inn i den norske transportplanen framover. Altså: la oss seia at du tener 400 000 kroner i året. Du må arbeida i 2 500 år for å klara å tena éin milliard kroner!!! 2 500 år! Og kva med alle dei som lever for rundt éin dollar dagen? Då eg sjekka internett no, så låg dollaren på 8, 591 kroner. Viss me gangar det med 365 dagar, så blir årsløna på 3 135 kroner. Desse må arbeida i – held deg fast no! – 318 979 år for å koma til summen 1 000 000 000 kroner.

Det er altså i dette perspektivet Gunnar Berge gir håp for dei fleste av oss. Han var jo både finansminister og kommunalminister, og visste kva han snakka om. No hugsar eg ikkje ordrett korleis han ordla seg, men rådet er like klart: For å bli rik treng du ikkje å tena mykje, men bruka lite. For min eigen del kan det også omskrivast til å gjelda fridom. For å bli fri treng du ikkje tena mykje, men bruka lite. Eller: ta utgangspunkt i behova dine, og ikkje bli freista av alt det du kan bli freista av. Livet kan fort ta av viss du snur rundt på munnhellet om å setja tæring etter næring. Prøv heller å setja tæring etter næring. Det kan bety at du må kjenna etter kva du har lyst til, men det er verd det! Og ha tillit til at det ordnar seg.
D115/101


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar