3. mars 2017

Pc-nostalgi



Her står det svart på kvitt; i lønsslippen frå Adresseavisen – at eg hadde stilling som korrespondent! Det var ein del innslag frå kvinnenes europameisterskap i fotball i 1991 og VM i Kina same året som gav meg den heiderlege tittelen. Men nostalgien som veltar opp i meg i møtet med boka som har den prosaiske tittelen Ø2, er kvitteringa frå mitt første pc-kjøp.

Butikken heldt til i Brønngata rett vest for Stavanger sentrum og hadde det prosaiske namnet TEXT & DATA A.S. Det var jo nettopp det me måtte venne oss til i starten; at teksten me no skulle produsera via desse magiske maskinane, var tekst som data! Datoen var 5. oktober 1990, og då eg var ute av butikken var eg 13050 kroner fattigare, inklusiv moms. Men eg kjende meg som verdas rikaste menneske. 

Godt innpakka var no dei tekniske dingsane som skulle bli min inngang til bits og bytes og Word Perfect, skriveprogrammet eg starta pc-karrieren med. Commodore PC 30 III var det heilage namnet og kapasiteten var heile 20 MB. Ein fjorten tommars skjerm, og ein LQ 400-printer, som var ein blekkskrivar (laserskrivar var for dei med endå meir pengar enn meg). Heile dette pc-arrangementet er det nærmaste eg har kome eit alter i min eigen heim. Det opna for ein heilt annan tekstproduksjon, der dei gule bokstavane leika seg over den svarte skjermbakgrunnen. Og det var muleg å halda fullt fokus på teksten og prosessen som skapte den, for internett var førebels langt unna min maskin.

 
Då tida hadde innhenta maskinen, og tida var inne for å koma seg inn i Bill Gates’ Windows-verd,  pakka eg den nøye ned, og til slutt hamna den i haugen hjå IVAR med utgåtte datamaskinar. Ved sida av kvitteringa og mine eigne bilete i hovudet, får eg hjelp av eit museum på nett som tar oss med til gamle pc-ar, så der kan du jo klikka deg inn og sjå om du finn din første pc! Her er uansett lenka til min smått magiske Commodore PC 30 III.



D114/150


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar