29. september 2017

Journalistikkens siger



I førre veke lanserte journalisten og forfattaren Erlend Frafjord boka Da Tine ble drept – en kriminaldokumentar. Den handlar om spor som ikkje blei følgt og eit politi som konkluderte litt for fort, slik at mange mulegheiter til å løysa saka fordampa bort. Tina Jørgensen blei brutalt drepen i 2000 og saka er enno ikkje oppklart. Frafjord har endevenda alle dokument han har kome over – mellom åtte og ti tusen meiner han sjølv – og målet er at det som no blir framstilt i boka kan gjera at det kanskje oppstår ei kopling eller to som gjer at saka kjem vidare mot å finna gjerningspersonen.

Eit slikt imponerande gravearbeid får meg til å stansa ved eit anna dokudrama, no på film, nemleg Spotlight. Utgangspunktet her er ein artikkel frå 1993 der ein advokat påstår at over 20 katolske prestar i Boston i USA har forgripe seg på born. Avisa følgde aldri opp artikkelen. Så går det åtte år, og avisas eige graveteam bestemmer seg for å ta tak i den igjen. Det resulterte i noko av det mest tydingsfulle gravearbeidet i amerikansk historie. Artikkelserien kom i 2002 og den dokumenterte omfattande overgrep og systematisk tildekking frå den øvste leiinga i den katolske kyrkja. Ei lang rekke med liknande undersøkingar blei sett i gang i heile USA, og etter kvart spreidde det seg til alle verdsdelar. 


            Lån den filmen, den gir deg trua på at journalistikken er viktig. At det å stilla spørsmål framleis er noko av det viktigaste me kan driva på med. Og at ein alltid må vera skeptisk til svara, særleg når dei kjem frå institusjonar med makt. I Spotlight trudde ein meir på støttespelarar i kyrkja og deira mektige representantar. I Stavanger hausten 2000 trudde politiet at Tina Jørgensen hadde tatt sjølvmord, og gjekk dermed glipp av verdfull informasjon.

D144/31


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar