23. januar 2015

Er du ein intellektuell?



Dønningane etter terrorhandlingane i Frankrike 7. januar i år har ikkje nådd land ennå. Me prøver å finna ei bølgje å stå oppreist på; den vanlege mann og kvinne surfar seg gjennom eigne overtydingar i lunsjen og i lesarinnleggspaltene (og sjølvsagt på sosiale medium). Men dei me søkjer til meir enn andre gonger når ulike omgrep skal oppi den svarte gryta, er dei som kan gje oss litt perspektiv, dei som kan utfordra oss med andre måtar å sjå ting på: dei intellektuelle; åndsarbeidarane.

Men kva er ein intellektuell? Finst dei i Noreg?
Det var spørsmålet professor Thomas Hylland Eriksen var i Stavanger for å svara på då han skulle halda foredrag i Liberalt Forum i mars 1997. Stavanger Aftenblad intervjua han.

Georg Johannesen sa ein gong at talet på intellektuelle i Noreg var 48. Hylland Eriksen, som i intervjuet sjølv meiner han må kallast ein intellektuell, trur det er mange tusen, men at mange er uengasjerte.

Korleis definerer han så ein intellektuell? Mange trur at det er ein akademikar, ein person med høgare universitetsutdanning, men den definisjonen er gal, meiner han. Mange akademikarar er spesialistar og fagidiotar. Det er heilt i orden å vera det,  men det gjer ingen til intellektuell. Å vera intellektuell inneber at ein er kritisk og nysgjerrig i høve til eige samfunn og kultur og vil forstå samanhengar. Eit slikt engasjement treng ikkje innebera faner og slagord, men at ein har eit ønskje om og kvalifikasjonar for å delta i offentleg ordskifte om den verda me lever i. Kanskje viktigast av alt; for å fungera som intellektuell må ein vera fristilt i høve til makta, seier Hylland  Eriksen. Gudmund Hernes til dømes, slutta å vera intellektuell då han blei statsråd.

Føresetnaden for å ha ei intellektuell offentlegheit, er at ein har utfordringar. I 1997 meinte Hylland Eriksen at det var to tema som peika seg ut som tema ein bør diskutera: Det multi-etniske og ny teknologi. 90-talet inneber ein overgang frå eit homogent, kvitt, kristent, luthersk samfunn til noko me ikkje heilt kva blir. Han meiner i intervjuet at me handterer dette etter beste evne, men at me i vår sekularisme er både puritanske og pietistiske. At me er så opptatt av god og dårleg moral, avgrensar det intellektulle liv, meiner han. Det er ikkje galt i å ha ein moral,  men det hindrar ein i å tenkja fritt. Oppgåva til dei intellektuelle er å gjera verda litt meir komplisert, meiner professoren. 

Han finn dei intellektuelle som tilsette ved universitet eller høgskular eller i frie yrke, som frilansarar, journalistar eller forfattarar. Eit krav til ein intellektuell er at vedkomande held maktstrukturane i samfunnet på avstand.
Dei intellektuelle vil alltid vera ei lita, sær gruppe, opptatt av idear. Men dei er viktige, for dei kan koma med innspel til endringar, meiner Hylland Eriksen. Kva med omgrepet intellektuelt snobberi?
-  Intellektuell er eit negativt lada ord i alle land unntatt Frankrike. Det blir forbunde med snobberi og mangel på bakkekontakt.
På spørsmål om det er noko i det, svarar Hylland Eriksen i intervjuet frå 1997: Det kan det nok vera. Men kvifor skal ein alltid ha beina på jorda?

Hylland Eriksen, fødd i 1962, tilføyer at dei fleste intellektuelle i hans generasjon ikkje har fullført noko studium.  At ein har falle av i studia, er likevel ikkje ein føresetnad for å kunna kallast intellektuell!

Så då kan du kanskje ut frå dette svara på spørsmålet i tittelen? Er du ein intellektuell? Ev. kan du støtta deg til følgjande ordforklaringar:

Intellektuell i Nynorskordboka:
”åndsarbeidarar, særleg med høg teoretisk utdanning”
Åndsarbeid i Nynorskordboka:
”Intellektuelt arbeid, motsett kroppsarbeid”
Kroppsarbeid i Nynorskordboka:
”Lekamleg, fysisk arbeid” hardt kroppsarbeid


D4/26-27


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar