16. januar 2015

Då verda opna seg



Bygdelivet hadde – og har – sin sjarm. Men først og fremst hugsar eg barndomens dal som krinsa rundt livet i familien, på skulen, handelslaget, fotballbana og dei ulike foreiningane ein var med i. Innimellom starta eit skuleår med ein ny elev, og ein fekk tilgang til erfaringar gjort utanfor sin eigen radius ei stund. Før livet la seg i sine vante folder igjen. I mi heimbygd skjedde det eigentleg ingenting.
Men så – ein vårdag i 1976 – kom det sirkus til bygda! Grusbanen utanfor skulen blei fylt opp av campingvogner og inn skuleporten kom det større vogner med heilt levande elefantar oppi. Friminutta fekk ein ny eigenverdi der me bokstavleg tala snusa inn sagmugg, og storauga var med på matinga av dyra og fekk med oss ein flik av kvardagen til sirkusartistane. Me hadde jo vore på sirkus før, men då i nabobyen. Nå var det som om grensene for heimbygda flytta seg fleire meter berre på få dagar. Tysvær Bygdeblad var der sjølvsagt, og saka fekk plass på førstesida. Eg hugsar ikkje sjølve framsyninga, men for den vaksne skribenten kan ikkje sirkuset hatt den same verknaden som på meg:

Og folk møtte fram. Ein blir gjerne litt nysgjerrig når det kjem sirkus til bygda. Dei yngste har mange gode argument på handa for å få gå, og så blir far eller mor med. Ein går jo ikkje på sirkus kvar veke, ikkje kvart år heller for den del. Til det er inngongsbillettane i dyraste laget. Med prisar frå 20 til 35 kr. må det rotast djupt i pengepungen dersom heile familien vil innom teltduken. Ungane hadde det moro, bevares. Han far tykte neppe han fekk nok att for inngongspengane. For dette var ikkje sirkus i toppklasse. Artistane gjekk att i fleire ulike nummer, utan å imponera større. Ungane gapte då dei såg linedansarinna selde drops i pausen. Sprechstallmeister Eistrup snakka dansk over eit elendig høgtalaranlegg – uskjøneleg for dei fleste. Manesjearbeidarane rota fælt med tilrigging og rydding i manesjen. Dei var uøvde, orsaka Eistrup seg med. Det vart såleis lange pausar mellom nummera. Men hestane og elefantane var staselege. Og for første gong fekk vi sjå tysværbuar som sirkusartistar. Det galdt å kapa seg ein plass på hesteryggen, noko overraskande mange greidde, trass i at ponnien helst farleg stor fart rundt i manesjen. Kort sagt: Ei svært langtrekt framsyning utan større høgdepunkt. Men ungane likte seg, og då er det moro med sirkus.

Melde signaturen O.H. i Tysvær Bygdeblad 5. juni 1976.

Eg er i Tromsø på Tromsø International Film Festival når eg skriv dette. Skulle så inderleg ønskja at borna i Gaza og i Pakistan fekk opna auga til verda på ein like fredsommeleg måte som meg tilbake i 1976, og ikkje til lydane av dronefly og rakettar, som mine politikarar stilltiande godtar å vera med på.

D3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar