2. januar 2015

Då Se og Hør-sjefen måtte krypa til krossen



Det var ein haustdag i september i 1982. Hjemmet var mamma sitt vekeblad, og eg kikka gjennom det innimellom. Denne dagen festa eg meg ved eit bilete som var blitt kåra til ”Årets sportsbilde”. Det er eit bilete av stuparen (eller stupersken som det heitte i Hjemmet i 1982) Alexandra Worisch akkurat i den augneblinken ho kom opp av vatnet. Fotografen Tony Duffy sto klar med kameraet ved bassengkanten og fekk fanga på linsa eit motiv der Alexandra sleng hovudet bakover slik at hår og vatn dannar ei slags fontene. Så langt er alt vel. 



Innimellom bøker, aviser og kommunale sakspapir, hadde pappa av alle ting behov for å lesa Se og Hør, så då blei det til at eg kikka i det også. Sånn omtrent på denne tida, tidleg på 80-talet, hadde Se og Hør spalta Lesernes foto-album, der fotografen bak det beste biletet blei honorert med eit Konica-kamera. Og der dukka det same biletet opp igjen! Denne gongen med tittelen "Ny mote? I år skal det være bølger i håret…" Fotograf? Dennis frå Oslo (kan ikkje røpa heile namnet her). Makan! 


Eg sette meg ned og skreiv for første og siste gong i livet brev til sjefredaktøren i Se og Hør, Knut Haavik. Og eg fekk svar, på Se og Hør sitt brevpapir. Der sto det:

Kjære Elisabeth Hovland. Joda, vi gikk fem på… Men det er heldigvis ikke så ofte. I hvertfall er det svært sjelden vi eller våre observante lesere i så fall oppdager det. Vi har delt ut kamera til feil person. Som straff har jeg pålagt meg å dele ut et kamera til – det oversendes herved til deg som takk for din skaråsynthet. Bruk det flittig, bli gjerne bidragsyter til lesernes foto-album, kanskje vinner du ett til.

Med vennlig hilsen
Se og Hør
Knut Haavik
Sjefredaktør.


Ein kan gjera seg mange tankar om kva som fekk Dennis i Oslo til å senda inn biletet. For alt eg veit, har han sidan kost seg med historia om korleis han lurte Se og Hør. For eit 2015-søk på nettet etterlet ingen tvil om kven som er den rette fotografen til dette motivet.

D1


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar