30. januar 2015

Abrahamsen og dei pene



Fjernsynskanalen TV2 kom til oss tidleg på 1990-talet. Eitt av dei første peika til gamlekanalen NRK var å la kvinner presentera været! Det var så nytt og revolusjonerande, at mange ikkje klarte å bera det. For ikkje nok med at dei var kvinner, Elin på 22 år og Benedikte på 24 år var pene å sjå på i tillegg! Hetsen dei unge kvinnene måtte stå i, fekk journalisten Arild Abrahamsen i Stavanger Aftenblad til å koma med eit forsvar.


Diskrimineringa av vakre menneske botnar i ”at de utsøkt alminneliges ubegrensa smålighet nok en gang har funnet et forminskningsobjekt”, meiner Abrahamsen og gjer seg til talsmann for  at  utsjånaden er ein ressurs. ”Det er en naturgitt, funksjonell fordel som noen mennesker har fått for at de skal bruke den”. Tenoren Pavarotti fekk stemmebanda sine slik Siri Kalvig fekk kroppen, nemleg gjennom genetiske tilfeldigheiter som sidan er tatt i vare på ein talentfull måte, påpeikar han, og held fram: ”Ingen sier at Pavarotti skal holdes borte frå operascenen fordi han er så irriterende god til å synge, …” Eller at Albert Einstein ikkje skulle bruka hovudet sitt fordi det kunne øydeleggja sjølvtilliten til matematikkelevar som ville bli like smarte som han. Ingen nekta heller Arve Tellefsen å spela fiolin fordi han hadde talent. ”Nei, Arve, nå blir du for flink. Det er ikke rettferdig mot de andre barna. La Carl Ivar spille en stund, så kan du heller gå ned i kjelleren og høre Elvis”. Dei pene er dei einaste som ikkje får lov å ta i bruk evnene sine, skriv Abrahamsen i petiten. Han meiner det er løgnaktige manipulatorar som har dikta opp at skjønnheit kjem innafrå. ”Det er ikke mye mer sannferdig enn å påstå at du kan bli filosof ved å spise Syn og Segn”.

Kan me ikkje berre innrømma at me likar å sjå på pene folk, spør Abrahamsen. ”De må få lov til å jobbe der de kan vise seg fram med like stor selvfølgelighet som at ei fingernem dame på hundre hardangerkilo får lov til å sy putevar for Husfliden, og det er ikke noen større skam om de viser fram kroppen sin enn når ekle brilleunger fra Våland briljerer med den store gangetabellen.”

Og briljante Abrahamsen avsluttar med dette: ”De stygge regjerer verden med sin infule foretaksomhet. Fordi grimhet tolkes som dyd får de lov til å herje fram med sine depressive borttolkninger av virkelighetens solsider. Gi dem en defekt hangglider og send dem til fjells”.

Det var nokon som sa ein gong, at det som kjem lett til deg, er det du skal bruka. Dette handlar kanskje om dei evnene og talenta Abrahamsen skriv om, og som ligg der klare til å bli forvalta av oss alle. Men Gud forby alle dei kreftene som hindrar oss i å ta dei i bruk! Eg blir frista til eit forsvar for dei smålege; dei treng hjelp til å forløysa talenta sine. Verre enn ikkje å vera i kontakt med eigne evner og talent, blir det for desse å sjå at andre lukkast. Eller alle dei som går i flokk og trur at det å vera vakker er det som må til for å få innpass i verda. Og motsett; ingenting er så frigjerande som å møta menneske som lever ut seg sjølv, og som derfor klarer å sjå det store i andre.  Slik Arild Abrahamsen gjorde det med sin utsøkte penn i Stavanger Aftenblad. Der hevar han ikkje lenger løn, men pennen hans lever heldigvis vidare på bloggen hans: arilabra.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar