23. oktober 2015

10 bod for innvandrarar – og meg sjølv



Rundt 2001 – i samband med Garborg-året – starta eg å abonnera på avisa Dag og Tid, og har vore ein ivrig abonnent og lesar sidan. Ein av mange bidragsytarar der har vore Walid al-Kubaisi, innvandrar frå Irak. I 2008 presenterte han ”10 bod for innvandrarar” i avisa. I desse dagar, der vårt fredfulle land igjen verkar tiltrekkande på menneske som flyktar frå krig og uverdige vilkår, vandra augo mine til denne artikkelen då den dukka opp i denne vekas Kina-bok. Walid al-Kubaisi er forfattar og norsk statsstipendiat. Dei ti boda framførte han under markeringa av dei ti mest suksessrike innvandrarane i Noreg i 2007, kan me lesa. Eg googla ”ti mest suksessrike innvandrarar”, og kom fram til ein eigen nettstad for prosjektet TOP 10. Prosjektet starta i 2004 og målet har vore synleggjering. Av internasjonale kvinner og menn som har etablert seg i Noreg og som har tatt leiande roller i norsk arbeids-, samfunnsliv- og/eller kulturliv, kan me lesa. TOP 10 UNG er også ein del av prosjektet. I mai i år markerte dei 10-årsjubileet sitt. Men tilbake til råda til Walid al-Kubaisi, som forresten var den første innvandraren med minoritetsbakgrunn som har blitt statsstipendiat. 

  
Her er boda i kortform (lett omskrivne nokre stader): 

1. Det norske språket er nøkkelen til norske skattkammer og stengde mystiske dører.
2. Legg den kulturelle bakgrunnen bak deg, slik at du sjølv dreg han dit du vil, og leier han dit du ynskjer, i staden for at han leier deg.
3. Sjå på heile samfunnet som ditt og alle grupper som delar av det nye livet dit. Ikkje set deg i minoritetsbåsen.
4. Om du møter fordomar, lat det provosera deg til å sjå på dine eigne fordomar.
5. Om du møter fordomar frå etnisk norske, ikkje tenkt at nordmenn og Noreg ikkje vil ha deg av di du ikkje er norsk. Tenk at Noreg har fleire rom og plass til alle.
6. Ikkje meld deg inn i SOS Rasisme. Heller ikkje i Antirasistisk senter. Ikkje sjå på Migrapolis. Ikkje les avisa Utrop. Du treng ikkje sementera innvandrarkjensla i sjela di for godt.
7. Ikkje tru at fridomane i Noreg er ei enkel gåve å ta imot. Å leva i trældom er lettare enn å leva i fridom. Viss ein imam, religion eller kultur tek avgjerder på vegne av deg, vil du oppleva samfunnsfridom som ei krise. Å verdsetja fridomen krev ei sjeleforvandling.
8. Identiteten din er ikkje ein overlevert arv. Identiteten utviklar seg i en prosess i møte med andre, i dialog med andre.
9. Det kulturelle immunforsvaret ditt er svakast når du isolerer seg og familien din. Det er kulturkollisjonen som vaksinerer deg mot identitetskollaps, og røynslene gjev deg kulturell stabilitet.
10. Gud er ei privat sak i dette samfunnet.


Så søkk dei inn, desse boda til innvandrarar, samstundes som dei også seier noko til meg, som ”etnisk norsk”, men som likevel i mange samanhengar har mange merkelappar på meg. Det er eit mål for meg å prøva å gå bakom alle desse merkelappane; som til dømes ”kvinne”, og opna dei dørene som opnar seg når eg lar den merkelappen få kvila. Eg blir også tiltalt av bod 7 – å ta imot fridomen. Me har fråvær av krig, men kor frie tør me å vera, i kvardagen, i møte med våre eigne djupe behov? Dette er også eitt av måla i mitt Hovland i 50-prosjekt, og det har dei siste dagane ført meg til møte med eksistensialistane i filosofien; Kierkegaard, Heidegger, Sartre. I erkjenninga av den eksistensielle fridomen, kjenner me på angsten. Men angsten er vår ven; den motiverer til handling og - er mi erfaring – skaping. Utgangspunktet for den eksistensielle fridomen må jo vera at me er i stand til å skapa, og kanskje ligg sjølve skapestoffet i angsten?

D43/53

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar