9. oktober 2015

Då Kielland var heit i DDR


I går hadde eg premiere på foredraget mitt der eg les og presenterer verk av forfattarar som er blitt tildelt Nobels litteraturpris. I går tok eg for meg forfattarane som har fått prisen mellom 1965 og 1999. Stor interesse på bokpraten på Sølvberget med rundt 150 i salen! Mange av forfattarane, som Aleksandr Solzjenitsyn frå det som den gong var Sovjetunionen (fekk prisen i 1970), opplevde seinare å bli sensurert etter at boka En dag i Ivan Denisovitsj’ liv blei utgjeven og blei ein suksess i heile verda. Mange av forfattarane som har fått Nobelprisen levde i kommunist- eller diktaturstyrte land og opplevde sensur. Derfor blei eg interessert i artikkelen om Alexander L. Kiellands bøker i DDR, då eg gjekk gjennom Kina-boka med tema Kielland denne veka. Høvet var eit seminar om Kielland i Europa på Stavanger katedralskule i 2008, og det var på programmet til kulturbyåret Stavanger2008. Førsteamanuensis Benedikt Jager presenterte smakebetar frå bokprosjektet han var i gang med, nemleg korleis Aust-Tyskland og deira sensursystem såg på den norske litterære kanon.  


Det var nemleg slik at den nye staten Aust-Tyskland hadde behov for ei historie; at dei sto på på skuldrene til progressive tenkjarar og forfattarar. Og då fall blikket også på dei klassiske norske realistane, kan me lesa i intervjuet med Jager. Fire Kielland-bøker blei utgjevne på eit forlag i Leipzig, nemleg Novelletter i 1959, Garman & Worse og Skipper Worse i 1961 og Else i 1985. I Garman & Worse skriv Kielland om rettane til arbeidarane, og dette tok aust-tyskarane som at det var Kielland si røyst, og at det representerte eit syn for framtida.  Opplaget på boka var 90.000 eksemplar. Sensuren i dette systemet var at bøkene som kom ut måtte ha trykkeløyve. Dessutan var det viktig at bøkene blei lest på den rette måten. Til Skipper Worse blei det til dømes forfatta eit etterord på 35 sider, i tillegg til dei 220 sidene i sjølve boka.

Benedikt Jager si bok Publikasjons- og sensurhistorie fra DDR (1951-1990) kan du lesa meir om og bestilla på nett i Fagbokforlaget.

D41/67/156-157


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar