16. oktober 2015

Alexander Kiellands plass!



Me var ei arbeidsgruppe som hadde forfatta Kielland-utgreiinga, og eitt av framlegga i rapporten var å kalla Torget i Stavanger for Alexander Kiellands plass. Eg målbar tanken i ein kommentar i Rogalands Avis og Stavanger Aftenblad, og meiner ideen framleis er god! Alexander Kiellands plass – der Alliken sjølv står og speidar utover Torget og det indre av Vågen, som Tusenårsstaden i Stavanger også omfattar – ville bli som eit stort klasserom, meinte eg begeistra. I debatten som følgde meinte andre også at dette var heilt rett namn, medan politikarane meinte at det ikkje var rett å endra på *Torget-namnet.


Men altså – namnet skulle invitera til formidling. For kven er han, denne mannen som byen har gitt ein så framtreden plass med statue på Torget? Mange veit mykje om han, men altfor mange veldig lite, meinte me. Ved å få ein eigen Alexander Kiellands plass kunne det hjelpa til med å få ein del biografiske referansepunkt for denne forfattaren, for dei finst i mengder viss du står på Torget og snurrar rundt. På Kiellandtomta ved Breiavatnet veks han opp, eit par hundre meter derfrå gjekk han på Stavanger Katedralskule og ved sia av den igjen står Stavanger domkyrkje der Alexander gifta seg. Der Kvardagsscenen på Torget står, sto Mortvedt-huset, her hadde Stavanger Avis sine redaksjonslokale, og her var Alexander Kielland redaktør i 1889. I eitt kort år produserte han journalistikk som gjorde han til ein pioner innanfor sjangeren kritisk journalistikk i Noreg.

Omtrent der Fiskeutsalet ligg no, lå tidlegare Kiellandverven; dette var Alexander Kiellands forfedre verft der familierederiet reparerte eigne skip. Litt lenger opp, omtrent der Anker-bygget ligg i Kongsgårdbakken, låg byhuset til familierederiet, og ”Forberedelsen”, eit hus Kielland-familien brukte til å losjera dei nygifte i familien, blant dei Alexander og hans Beate då dei gifta seg. I dette miljøet, omgjeven av familie og andre folk, traff han menneske, og livsvilkåra og eigenskapane deira fletta han saman i litteratur som framleis har mykje å seia oss.

Så om det ikkje blir nokon Alexander Kiellands plass i heimbyen hans, så står eg framleis på at det var eit veldig godt tiltak!

D42/67/45

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar