15. september 2017

Mjølkespannet



Så ofte eg kunne, nytta eg sjansen. Sykla eller gjekk dei par-tre kilometrane til det som den gongen var utanfor allfarveg frå det byggjefeltet eg budde i. Eg såg ikkje alt som låg slengt rundt på garden, ferdig med jobben i  nyttig teneste, og som truleg låg der det var blitt plassert sidan det ikkje verka lenger. For eg hadde berre auge for dette: i eit lite fjøs med sju-åtte mjølkekyr sit Olav og Ingrid bak kvar si ku og eg høyrer mjølkedråpane støyta først mot sinkbøtta, for så å blanda seg med den mjølka som alt ligg oppi der. Eg prøvde meg innimellom sjølv på dei varme og mjuke spenane, men hadde eigentleg meir enn nok med å suga inn stemninga, og nyta to vaksne menneske som elska å få barn på besøk.

            Når bøtta var full, gjekk turen inn i eldhuset der eit stort mjølkespann var klargjort med sil for å samla opp skummet som ikkje skulle vidare då mjølka tok turen frå bøtta til spannet. Neste morgon sette Olav seg på traktoren, plasserte mjølkespanna trygt og køyrde inn til bygda for å levera dei på mjølkekrakken. Den var plassert i den lange brekka me gjekk frå heimen til skulen, og ofte tok me oss ein liten kvil der.

            Dette er også eit minne frå mjølkespannet: Då Olav var og henta dei tomme spanna, ordna han og Ingrid det slik at han samtidig kunne henta Ingrid der ved poststativet. Då hadde ho vore ute på eitt eller anna; møte i sanitetskvinnelaget eller husmorlaget, og ofte med veska si full av premiar. Ho elska å ta lodd og vera på basar, og ho blei faktisk litt sur viss ho gjekk ut av dørene utan fangst. Ho elska å spela bingo og eg var ofte med henne rundt på bygdene for å sitja der i den herlege stemninga av å sitja og venta på eit tal som gjorde at du kunne ropa ut bingo! Drøsen og kaffien i pausen gav henne energi, trur eg. Ho fekk alltid nokon til å køyra seg heim og der i krossen venta altså Olav. Mjølkespanna var blitt løfta opp på ei skuffe bak på traktoren. Ingrid sette seg på det eine spannet, fann eit feste å halda seg i og så humpa dei heim til Kvithaug.

            Olav reiste aldri til meieriet sjølv med mjølkespanna, ein eigen lastebil sørgde for det. Men for ikkje lenge sidan såg eg eit bilete av korleis det kunne arta seg når alle bøndene kom med hestane og mjølkespanna sine til meieriet. Me skulle ha søskenbarntreff for besteforeldra som begge var fødde nord i det som då var Ogna kommune, i dag ein del av Hå. Eg leita opp boka Bilete frå Hå og fann mellom anna bilete av dei første meieria som kom på Jæren rundt århundreskiftet 1800/1900. Det var dei same mjølkespanna som sto tett på kjerrene og eg synest eg høyrer den livlege praten av bønder langs stasjonsbyane på Jæren.


            I Regimentvegen 133 i Stavanger, i krossen mellom Madlavegen, Hestnesvegen og Regimentvegen ligg Fredtun Antikk-Brukt. Eg stakk innom der ein gong på ein sykkeltur, og der sto det, mjølkespannet som skulle bli mitt! Det har fått hovudplassen i stova.

            Korfor har du eit mjølkespann i stova, spurde ein gong tantebarnet André.
            Korfor veit no du som les denne bloggen.

D142/23


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar