1. september 2017

Overflow-alert



Sånn midt på 2000-talet, blei følgjande montert på kjøkenet mitt, under vasken: ein vannlekkasjefølar type OVERFLOW-ALERT. Følaren er genial i alt det enkle: «Vannføleren detekterer vannlekasjer (manglar ein k der) på gulvet i vaskerommet, under oppvaskbenken, i skap eller andre steder du ønsker varsle en eventuell vannlekasje.»

            Innretninga kom i to delar; éin følar med ei leidning på éin og ein halv meter, og éin såkalla kontrollenhet med lydgjevar. Følaren skal du klistra opp på veggen og dei to pinnane skal stikka  ned mot golvet i det området du vil detektera vasslekkasen. Kontrollenheten har plass til tre AAA-batteri, og ved hjelp av ein borrelås heng du den opp på veggen. Så er det å trykkja «ON» og du er klar. Eg har vore heldig, eg trur den berre har pipe éin gong, og då var røyrleggjar fort på plass. 

            Eg lurar berre på korleis den unisone lyden av overflow-alert-ar blir opplevd i Houston for tida?

D140/182


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar