22. september 2017

Om pengar, og skam



Mange er me som har henta fram denne teksten av Arne Garborg når me kanskje skulle seia noko til konfirmanten me var fadder for. Til og med kong Harald henta denne fram i ein av nyttårstalane sine. Det er snakk om teksten «Om pengar», du veit den om at pengar ikkje har nokon verd i seg sjølve. «Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.» skreiv Garborg, men ikkje i nokon av sine eigne bøker. Teksten står nemleg i ei lesebok for folkeskulen, og det er mannen bak desse, Andreas Austlid eg blei nyfiken på.

            Andreas Austlid, fødd i 1851 (faktisk same året som Garborg), var pedagog og forfattar, og den første som gav ut ei nynorsk abc-bok og eit fullstendig lesebokverk på nynorsk kan me lesa på wikipedia. Han skipa også to folkehøgskular i levetida si. Korfor gav Austlid seg i kast med desse lesebøkene? Jo, med bakgrunn i sine eigne erfaringar frå barndomen, utforma han ein pedagogikk som skulle bli retningsgjevande for verket sitt. Han kjende skam,  over «bondespråket» den kvardagen han kjende, samanlikna med den dansk-norske. Og han likte ikkje dette store fokuset på synd i kristendomsundervisinga. Han gjekk sjølv på folkehøgskulen til Christopher Bruun, og han likte korleis han formidla bibelsoga. Bibelfigurane hjå Bruun blei menneskelege og kunne få menneske til å bli «store og gode» lik Gud. Då Austlid sjølv starta som lærar kutta han ut pugginga og brukte forteljinga som form då han skulle ha konfirmasjonsundervising. Katekisma av Pontoppidan heldt han seg unna, det var ikkje noko barnebok, meinte han. Dette førte han etter kvart i strid med kyrkja, men han klarte også å overtyda nokon om at dette var vegen å gå. 



            Arbeidet med lesebøkene blei ein direkte konsekvens av at Austlid ikkje ønskte at ungane i klasserommet skulle få den same opplevinga han sjølv hadde fått med seg i barndomen. Han fann fram eventyr og soger, regler, gåter og småsongar som borna fekk lesa. Han kunne også be dei små om å skriva ned det dei hadde med seg heimefrå. Austlid ville ikkje henta fram framande skildringar som gjorde tilhøva til borna han hadde framføre seg stusslege og grå, men heller løfta dei opp. Slik blei verket hans politisk på mange måtar.

            Det er litteraturfestival i Stavanger, og i går fekk eg med meg mellom anna møtet med forfattaren Olaug Nilssen, som har skrive ein sjølvbiografisk roman om seg og sonen Daniel, som blant mange andre ting er funksjonshemma. Nilssen la ikkje skjul på det: Romanen er eit politisk dokument! Og så er sjølvsagt paradokset, når ein starta denne teksten med Garborg og pengeteksten; at for Nilssen og familien er det kampen om pengane som okkuperer mykje av tida. Sjølv om omsorga for seg sjølv og Daniel ikkje ligg i sjølve pengesetelen.

            Det private er alltid politisk. Takk til dei som løftar det fram, og på den måten kan hjelpa oss andre med å løfta av oss litt av skamma. 


D143/142-143


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar